• Enern Oppdal

Hvilken type sko bør du velge?

Oppdatert: juli 2


Malene Blikken Haukøy kjenner traseen til Oppdal Fjellmaraton svært godt. Her i 2017 hvor hun tok en sterk 2. plass.

Mange lurer på om hvilken type sko som er best egnet i løypa til Oppdal Fjellmaraton. Vi har like godt hyrt inn eksperthjelp for å svare. Dynafit-ambassadør og fjelløper Malene Blikken Haukøy gir deg sine beste råd:


Fjellheimen kring Oppdal er eit område eg trives godt, og eg har vore deltaker på Oppdal fjellmaraton fleire gonger. Det er knalltøffe 42 km og 2200 høgdemeter i variert terreng. Løpet byrjar "snilt" dei første 5 km frå Gjevilvassdalen med lettløpte stigar fram mot den fyrste toppen, Høghøa. Vel oppe på fjellet er stigen mindre tydleg, men terrenget mjukt og behagelig. Dette er er noko som kjenneteiknar høgfjellet i Trollheimen. Det er godt mulig å halde høg fart i oversiktleg terreng.


MINIMALISTISK TERRENGSKO

Eg kjem til å springe med Dynafit Feline UP Pro. Dette er ein minimalistisk terrengsko med lite dropp og demping. Skoen veg lite, har fantastisk godt grep og sit tett og godt på foten min. Med ein lågare dropp på skoen føler eg at eg får ein betre følelse til underlaget. Er eg i ferd med å skli? Er det glatt her? Eg har betre kontroll på det eg har under foten. Sjølv slit eg litt med overtråkk når eg spring i fjellet. Ein lågare dropp minskar risikoen for overtråkk da for høg dropp kan opplevast som å bevege seg med platåsko.




PRIORITER PASSFORM

Under eit "kortare" fjelløp som Trollheim Fjellmaraton (kort er relativt!) treng eg ikkje mykje demping. Terrenget er variert, og mykje mjukt og skånsomt underlag slik at kroppen min tåler godt eit maraton med lette sko. Det er viktig å påpeike at sko er individuelt! Sko bør ikkje velgast ut frå merke eller farge, her er der passform som skal prioriterast for å få ein god løpsføling og oppleving. Dette er viktig!


NÅR VEKT ER VIKTIG

Løypa har sine kneikar. Spesielt siste motbakke opp Vålåstadhåmmåren kjennes i puls og bein. Det lønner seg klart å ha litt krefter tilgjengelig før denne bakken. Med desse tøffe bakkane er det både psykisk og fysisk ein klar fordel med lette terrengsko. Det er ingen grunn til å drasse på fleire gram enn naudsynt. Det er ein balanse mellom å finne ein lett sko som passar foten, men som også gir den støtta kroppen treng etter mange timar til fjells.

Deretter susar ein ned til Oppdal sentrum frå toppen av Vangslia skisenter. Dette er ein tøff unnabakke!



SKO MED EKSTRA DEMPING

Enkelte parti går på stig, andre på traktorveg kor det er mulig å springe svært fort. Dette er tøft for kroppen, spesielt etter 3-4 mil i beina allereie. Dersom ein ikkje er vand med å springe mykje nedover lønnar det seg med sko med litt ekstra demping/dropp. Eg vil anbefale Dynafit Trailbreaker for dei som ønsker litt ekstra støtte. Dette er sko eg nyttar mykje på lengre treningsturar. Dei er lette, sit godt på foten, støttar godt og har det same gode, tilregnelige grepet som Feline UP Pro.


FINN EI SKO SOM PASSAR

Eg kan ikkje poengtere viktigheita ved å velje ein sko som passar den einskilde fot! Eg har sjølv opplevd å springe med sko som ikkje sit 100% slik dei skal. Opplevinga er dårligare og faren for ei overbelastning og skadar større. Det kan definitivt vere verd å teste ulike sko før ein finn den som passar. Som Dynafit-ambassadør har eg vore heldig å finne sko i sortimentet som sit som støpt. Med eit breidt utval av ulike variantar har eg funnet nokon sko eg liker svært godt, andre som ikkje passar meg. Utvalet er svært variert, og eg trur mange vil finne noko passar. Avslutningsvis vil eg også oppfordre aktive løparar til å investere i spesialstøpte soler. Sjølv spring eg ikkje ein meter utan. Ein vanleg skosole er generelt bygd, og passar ikkje den individuelle foten.

Viktigast av alt: HA DET KJEKT!

Dynafit er hovedsponsor på Oppdal Fjellmaraton, og er du nysgjerrig på flere av skomodellene fra Dynafit - sjekk utvalget hos nettbutikken VPG her.


Har du lest Ola Hovdenak sitt treningprogram for Oppdal Fjellmaraton?


Usikker på ernæring før og under løpet? Les Squeezy sine ernæringstips.



1,421 visninger

Nyhetsbrev 

Meldt deg på vårt nyhetsbrev å få en påminnelse om kommende arrangement,  teknikktips, sporty happenings ol... 

Enern Oppdal
O. Skasliens veg 1
7340 Oppdal

Telefon: 950 22 478
Email: info@enern.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon

© 2020